Publishing Details
Contact & Outreach
About This Podcast
Bømoen-saka har herja vossebygda i over tolv år. Det starta då Voss kommune takka nei til å kjøpa området frå Forsvaret og det private selskapet Bømoen AS seinare same haust fekk tilslaget. Sidan har framtida kring flyplass, luftsport, idrett og frilufsliv i det gamle millitærområdet stadig vore i det blå. Historien inneheld alt frå storslagne planar om tusen bustadar og næring, skjebnesvangre Facebook-likes og omstridde avtalar - til frustrerte grunneigarar, engasjerte innbyggjarar og splitta politikarar. Bømoen-saka har slett ikkje mangla dramatikk, nervar, vendingar, konflikt og steile frontar. I denne podkasten skal me fortelja soga, og du får høyra stemmer som ikkje har stått fram med historien sin tidlegare.
Explore Statistics
Recent Episodes
Episode 12 - «Tillit til det motsette er bevist»
Ordføraren frå Sp og varaordføraren frå Ap jobbar tett saman i den vanskelegaste saka på Voss dei siste åra. Tonje Såkvitne og Benedicte Kragh kjem i studio og snakkar om dei krevjande møta,…
Episode 11 - Den omstridde frontfiguren
Andreas Håland Hemli har som dagleg leiar i Voss fallskjermklubb stått ufiltrert i kampen for tilværet på Bømoen. Han og styret i klubben hevdar Bømoen AS boikottar han, og fortel om eit sjokkerande…
Episode 10 - Anna rettar kraftig kritikk mot partiet
Anna Lussand Selheim melde seg ut av Senterpartiet etter maratonhandsaminga av den minnelege Bømo-avtalen i desember. No går ho hardt ut mot partileiinga og tidlegare stortingsrepresentant Nils T.…
Episode 9 - Maratonmøte og vegen vidare
Etter intense forhandlingar vart ein minneleg avtale mellom Voss herad og Bømoen AS lagt fram for politikarane rett før jol. Eit sju timar langt heradsstyremøte enda likevel med utsetjing av saka.…
Episode 8 - Skjebnetid for fallskjermklubben
Den største konflikten på Bømoen har utan tvil vore mellom grunneigar Bømoen AS og Noregs største idrettslag av sitt slag, nemleg Voss fallskjermklubb. Dagleg leiar Andreas Hemli Håland og styreleiar…
Episode 7 - Frå moglegheitsstudie til 1000 bustadar
Ein moglegheitsstudie frå 2011, som vart laga som eit samarbeid mellom Voss kommune og Forsvarsbygg, viste korleis Bømoen kunne utnyttast i framtida. Studien låg også til grunn for det…
Episode 6 - Ekstremsportveko og kampen for framtida
Ekstremsportveko har halde pusten medan utsiktene for vidare drivstoffleveranse på Bømoen har vore i det blå. Denne veka vedtok politikarane endeleg ei mellombels løysing, som redda luftsport under…
Episode 5 - Den krevjande saka
Langdryg, krevjande, konfliktfylt. Tre ord som på mange måtar kan oppsummera Bømosaka. I denne episoden fortel ei rekkje politikarar om korleis det har vore å forhalda seg til Bømoen som folkevald…
Episode 4 - Slaget i heradsstyresalen
I juni 2024 kjem områdereguleringsplanen for Bømoen endeleg opp til politisk handsaming. Det vart dramatisk, særleg i formannskapet der handsaminga av Bømplanen inneheldt «alt». Her fortel sentrale,…
Episode 3 - Engasjement, aksjon og mobilisering
Det store folkeengasjementet har verkelg prega Bømosaka, og særleg dei siste åra har vossingane mobilisert for det naturskjøne området. Det heile kulminerte i ein større aksjon utanfor Tinghusplassen…
Episode 2 - Kvifor kjøpte ikkje kommunen Bømoen?
Voss kommune fekk forkjøpsrett då Bømoen skulle seljast i 2012. Den valde politikarane å ikkje nytta seg av, og Voss var heller aldri med i bodruden då området vart seld seinare same år. Det har…
Episode 1 - Dette er Bømosaka
Bømoen-saka har prega Voss i lang tid. Heilt sidan Voss kommune takka nei til å kjøpa området frå Forsvaret i 2012, og Bømoen AS seinare same haust fekk tilslaget, har framtida kring flyplass,…
Frequently Asked Questions
Historia om Bømoen has published 12 episodes since April 2025, covering topics in History.
Historia om Bømoen is currently highly active with new episodes monthly. Average episode length is 32m.
Sign up on Grep.FM to access contact details for Historia om Bømoen, including email and social media links.