På ekta - Ryfylkepuls
Tor Øyvind Skeiseid
Publishing Details
About This Podcast
Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg . Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen, både i og utanfor Ryfylke. Dette er herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.
Podcasting 2.0 Features
Explore Statistics
Recent Episodes
S1E18 Heftig A4-liv
Å mista ein politibetjent på jobb, er det verste politimeister Hans Vik har opplevd på jobb. Og kjenslene og tårene kjem jamt endå. Lettrørt, ansvarsfull og ein som elles lever eit roleg A4-liv, er…
S1E17 Trygg frå scenen
Beethoven, Brendeland, ungdomspolitikk og ammoniakkfabrikk. 18 år gamle Ingrid Fatnes Sauda er verken redd for å spela, syngja, leia eller meina. Enten det er frå scenen, i eit ungdomsråd eller…
S1E16 Fryktlaus fargeklatt
Ho er ikkje redd for å gripa sjansar, gjera feil eller for å gå for plan B eller C. – Om ei dør blir lukka, kan ei anna bli opna. Eg meiner, så lenge det er gøy, why not? Bonolo Ramphomane-Aandahl…
S1E15 - Ikkje på billigsal!
Ho driv med tydeleg, men venleg vaksenkjeft. Anne Langeland Bratthammer kan gjerne bu i Ryfylke resten av livet, men ikkje for ein kvar pris.- Bedriftene og kommunane i Ryfylke må gjera seg lekre for…
S1E14 Åleine med eigne tankar
- Ja, du blir på grensa til gal når du føler du har tenkt på alt som det går an å tenkja på, innrømmer Karen Kyllesø frå Årdal i Ryfylke. 13. januar 2025 kom ho fram til Sørpolen etter 54 dagar…
S1E13 Vil vera der det skjer
Det er gjerne ikkje rart at Håvard Handeland blei ordførar i Sauda som 19-åring. For alt som seksåring blei han vald inn i elevrådet på barneskulen. Og det skjedde sju år på rad, ved hjelp av ein…
S1E12 Målkongen frå Jørpeland
Han har tatt eliteserien med storm og fått legendestatus i Fredrikstad på rekordtid. Morten Bjørlo (29) var som barn meir interessert i å byggja sandslott enn å spela fotball på grusbanen på…
S1E11 Høgrøysta familieglede
Ho har tatt over familiebedrifta, som mor og far har drive i årevis. Maren Fossaa Viga (32) er nå sjef for Mikals Laks i Hjelmeland, bedrifta som er norsk meister i røykelaks. Nå skal Maren styra…
S1E10 Skyhøgt nivå og herleg trøkk
Ungdomen i Ryfylke leverer. Både med kunnskap, entusiasme, sjarme og spenning. Bli med bak kulissane i Ryfylkequizen for åttande klasse i mai. Møt ungdom frå heile Ryfylke før, under og etter den…
S1E9 Kalvekos og vepsebol
Han er tidleg oppe for å vekka både kalvar, kyr og familien. Og han nyttar dagen til det fulle, også til heftige diskusjonar. Ikkje minst gjeld det kommunesamanslåing for hans kjære Forsand, som han…
S1E8 Spring for livet
Ho er alltid på farten. Tidleg og seint. Søvn er det lite av. Men, kilometrane er mange. Over 8 000 kilometer på eit år. Bli kjent med Therese Nordbø, ein energibunt av det sjeldne som spring verda…
S1E7 Innflyttarar med store gryter
Det var slett ikkje planen å flytta til bygda. Alvilde og Tom Egill Tobiassen var nygifte og lukkelege i Stavanger. Men, ein sundagsmiddag på Rennesøy blei som eit lynnedslag i livet. Dermed enda det…
S1E6 Merka for livet
Ho har tatovert ei husrekkje frå heimstaden på armen. Det må vera førtiårs-krise! Eller er det ein del av Maren Landsnes sitt patriotiske engasjement for Jelsa? Då ho gjekk ut av Jelsa ungdomsskule…
S1E5 Livet som blei verd å leva
For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje…
S1E4 Lidenskap og sære trekk
Oddbjørn Mihle Strand frå Tau har på mange måtar kome heim. For han har gått gradene i idrettslaget Midtbygdens Idrettslag (MIL), frå barn til a-lagsspelar. Men, etter at den halvstuderte «røvaren»…
S1E3 Med Ryfylke og verda som boltreplass
Ho elskar å reisa, og har heile verda som leikegrind. Rastlaus, uredd og litt naiv. Men trur du ikkje globetrotteren Helene Helgøy har slått seg ned på den vesle barndomsøya med 44 innbyggjarar. Og…
S1E2 Verdas sterkaste kvinne
Ho har satsa alt og det har gått på helsa laus. Men, ikkje tale om ho vil gje seg. For visst går det an å bli verdas sterkaste kvinne om ein bur i Sauda, lengst inn i Ryfylke. Møt Hildeborg Juvet…
S1E1 Alltid på (lege)vakt
Han lovprisar små samfunn, og meiner verdien av at «alle kjenner alle» er mykje større enn ulempene. Det har Bjarte Sørensen erfart som kommunelege gjennom 16 år i si eiga heimbygd. Likevel kastar…
Frequently Asked Questions
På ekta - Ryfylkepuls has published 18 episodes since May 2023, covering topics in Personal Journals, Society & Culture.
På ekta - Ryfylkepuls is currently highly active with new episodes every 2 months. Average episode length is 31m.